Hjem / Alle bøker / Kystlandskap
Kommer snart
499,00 kr
Norskekysten er ei verd av kontrastar – frå bratte fjordklipper og vêrharde ytterøyar til lune pollar, sanddyner, tangvollar og stille våtmarker. I denne boka tek Anders Lundberg deg med på ei reise langs heile kysten, frå Østfold til Finnmark, og viser korleis klima, hav, geologi, kultur og dyreliv saman formar eitt av dei mest mangfaldige kystsystema på jorda.
Kystlandskap skildrar ikkje berre naturen langs norskekysten, men viser korleis kultur, bruk og historie gjennom tusenvis av år har forma det landskapet me kjenner i dag. Mennesket har vore ein aktiv del av kysten: Mange av dei naturtypane vi i dag reknar som verdifulle og særprega, finnest berre fordi folk har brukt dei på bestemte måtar.
Gjennom bilete, forteljingar og ny forsking får du bli kjent med lundefugl og havhest på havet, fjørekoll i blomsterprakt, kystlyngheier i eldgamalt kulturlandskap og skjøre ålegrasenger som skjuler eit mylder av liv. Boka viser korleis naturen er i rask endring – med stigande havnivå, varmare hav, artar på vandring og sjøfuglbestandar i dramatisk tilbakegang – men òg kor mykje håp som ligg i kunnskap, skjøtsel og vern.
Format
Innbundet
Utgivelsesdato
15.08.2026
Kategorier
Språk
Bokmål
Forlag
Dreyers forlag
ISBN
9788282657709
Status
På lager
Utsolgt
Midlertidig utsolgt
Kommer snart
Oversetter
Originaltittel
Antall sider
499,00 kr